God koordinering mellom ressursane i frivilligheitsarbeidet kan gje grunnlag for berekraftig utvikling i lokalsamfunnet.
22 juni 2021
Samfunnet står i åra som kjem overfor store utfordringar. Høgare levealder, ein større del eldre i befolkninga, endringar i sjukdomsbildet og nye brukargrupper sett nye krav og forventningar til kommunar og frivillig sektor.
Det er eit stort behov og potensial for å ta i bruk dei samla ressursane i samfunnet for å behalde og utvikle eit godt velferdssamfunn: ressursane som ligg hos brukarane sjølv, familiane deira og sosiale nettverk, i nærmiljøet og i lokalsamfunnet. Det er og ein klar samanheng mellom frivilligheit og berekraft, fellesskapet som blir danna ved å utføre dugnad eller frivillig arbeid saman bygger lokale relasjonar som utviklar lokalsamfunnet vidare.
TietoEVRY har sia 2016 levert løysingar for å understøtte samhandlinga i kommunar og frivillige organisasjonar. FRIDA er eit sett av applikasjonar for effektivisering og optimalisering av arbeidet med frivillige og inneheld eigne modular for administrasjon, for dei frivillige og for tenestemottakarane.
Hovudhensikta med FRIDA er at frivillige organisasjonar og kommunar skal klare å modernisere, tilpasse og forbetre effektiviteten av tenestene dei tilbyr, og frigjere verdifulle ressursar. Dette gir grunnlag for at innbyggarane vert tilbodne best moglege tenester.
FRIDA er ein plattform for samhandling som kan integrerast med eksisterande data og system basert på opne og dokumenterte standardar. I samhandlinga med kundane våre utviklar vi ny funksjonalitet som vert tilgjengeleg i plattforma som ein del av den kontinuerlege forbetringa.
FRIDA har sjølvsagt nødvendig og innebygd trygging i alle tenester. Dette betyr at vi sikrar personell, integritet, data, fasilitetar og andre tilgangar i samsvar med lovkrav, interne krav og tryggingskrav frå kundane
Litt kort om dei viktigaste delane av FRIDA:
FRIDA+
Dette er basisverktøyet for administrering av frivillig arbeid. Her finn du mellom anna frivilligregister, planleggingsverktøy for oppdrag, aktivitetar og arrangement, og samhandlingsløysing for kommunikasjon via SMS, e-post og mobilapp.
FRIDA Omsorg
Ei skreddarsydd løysing for tilsette ved institusjonar, der dei kan følgje med på kva som skjer av aktivitetar og arrangement, spørje om tenester og følgje opp tenester på vegne av bebuarar og heimebuande.
FRIDA Public
Ein heilt open felles aktivitetskalender, der alle kommunale einingar, lag og foreiningar kan publisere aktivitetane sine. I denne kalenderen kan innbyggarane søke opp aktivitetar og melde seg på.
FRIDA Småjobb
Skreddarsydd funksjonalitet for tilbydarar av tenester, både gratistenester og betalte småjobbar. Her kan tilbydarar presentere seg og tenestene sine, og enkeltpersonar kan bestille tenester direkte frå tilbydaren. Kva typar tenester og kven som skal kunne tilby tenestene sine vert bestemt av administratorar av løysinga.
Brenn du for vidareutviklinga av frivilligheitsarbeidet i din organisasjon eller kommune? Ta kontakt med oss for ein prat om korleis vi kan hjelpe deg med samhandling mellom frivillige, organisasjonar og kommunen.
I september arrangerer vi eit nettmøte som gjer deg meir innsikt i FRIDA, følg med for dato på TietoEVRY events | TietoEVRY.